Episode 4 – Janet Balaskas – Founder of the active birth movement

Last ned episoden / download the episode

***

Brenda Mata er gjesteprogramleiar for dette avsnittet av Uten Filter, og intervjuet vil gå føre på engelsk. 

***

Its been a while since women in general felt really connected and confident about giving birth. Today it seems like all the women who gave birth in their own home or in nature, were just crazy.

Since the intervention of the modern medicine, women have learned that birth is a complicated process that they do not have to affront alone, but in a hospital with a variety of possible interventions. Interventions that somehow have made women feel more secure, but also less in control of our their feelings and connection with their bodies. Disconnected from something that women have gone through as long as human kind – how to give birth.

Today, there is more and more research about the repercussions of different drugs and interventions, and how they affect the baby and the interaction between mother and child.

Guest of this week’s episode is Janet Balaskas. She is a midwife, writer and the founder of the «Active Birth» movement where the woman is encouraged to move freely during birth, and to follow her intuition and to trust that she is capable of giving birth.

An active birth, is a birth where the woman is completely liberated from the hospital bed where she has to lay down over her back, with legs up and push. Instead, she is active and flowing with the birth process.

Also writer of the book «Preparing for birth with yoga» Janet teach different techniques to make the birth a more enjoyable and wise experience. Throughout her career, she has been trying to remove the fear around the birth experience. With very good results she has founded the Active Birth center in London, UK.
They have different courses and disciplines to follow and feel supported during pregnancy and after.

Listen to this very interesting interview, where you will learn more about the different aspects around birth, where you will learn about the major differences of giving birth in a hospital with drugs in stead of having a natural birth.

Episode 3 – Hans Jørgen Lysglimt – Siviløkonomen som vil revolusjonere det økonomiske systemet

Last ned episoden her

Aldri i nyare historie har renta i Norge vore så låg, så lenge. Aldri før har nordmenn hatt større gjeld enn i dag. Kva kan bli konsekvensene av ein slik gjelds- og lånebasert økonomi? Svært dramatiske, ifølgje gjesten i dette avsnittet av Uten Filter.

– Statane har teke på seg ein gjeldsgrad som ikkje er mogleg å handtere til slutt. Det er ingen som veit korleis det skal løysast. Det snakkar ein ikkje så mykje om. Når du fell ned frå ein skyskrapar, så går det bra, heilt til du treff bakken, fortel Hans Jørgen Lysglimt.

Lysglimt meiner det trengs svært kraftig lut til for at den norske velstanden skal vere bærekraftig på sikt. Han representerer «Den østerrikske økonomiske skulen», som mellom anna argumenterer for at rentenivået må vere marknadsstyrt, og at staten ikkje skal ha råderett over pengane. Ein gullstandard må gjeninnførast for å stoppe gjeldsveksten.

– Det at pengane er så manipulerte som dei er, øydelegg veldig mykje av den sivile strukturen i samfunnet. Stresset alle kjenner ved at prisane går opp så fort, øydelegg veldig mykje av relasjonane mellom folk, seier Lysglimt.

Ved å ha eit pengesystem der pengane ikkje har ein fast verdi, i motsetnad til gullstandarden, fører ifølgje Lysglimt til eit samfunn der sparing vert straffa og gjeld belønna, som igjen skapar dårlegare moral blant folk.

– Folk skjønner at det ikkje løner seg å spare lenger, og då kjøper folk eigedom i staden, og pumpar opp eigedomsbobla og aksjebobla endå meir. Det at det ikkje løner seg å spare, det gjer noko med folk, og med folks moral og etikk. Dette vert diskutert alt for lite.

Hans Jørgen Lysglimt er utdanna siviløkonom, entrepenør og mangeårig politisk aktivist. Frå 2000 til 2003 var han leiar for Fridemokratene, og har vidareført engasjementet sitt etter det mellom anna ved å nyetablere det tradisjonsrike økonomitidsskriftet Farmann. Han har sjølv intervjua berømte personar som Wikileaks-talsmann Julian Assange og den amerikanske presidentkandidaten Ron Paul.

Lysglimt var i norsk medias søkelys i 2013 då han via norske Kripos vart tvunge til å utlevere trafikkdata og epost til FBI. No er Lysglimt leiar av det nyooppretta Ludwig Von Mises-instituttet i Norge.

Følg Uten Filter på…

Episode 2 – Pål-Ørjan Johansen: Fekk livet endra av psykadelika, no vil han bane veg for andre

Last ned episoden her

LSD, MDMA, fleinsopp og andre hallusinogene substansar har til felles at dei er strengt ulovlege. Men det er ikkje mange tiår sidan mange forskarar i Vesten utforska potensialet for å bruke stoffa som medisin for ulike mentale helseplagar. Men då hippierørsla tok stoffa ut på gata stoppa det meste av den seriøse forskninga.

No har den norske psykologen og forskaren Pål-Ørjan Johansen, i lag med ektefelle og medforskar Teri Krebs, tatt opp tråden, og publisert den mest omfattande forskninga om effekten psykadelika-bruk nokon sinne. Ved å analysere helseopplysningane til 135.000 amerikanarar, der 19.000 hadde brukt psykadelika, viste forskningsrapporten ingen link mellom psykadelikabruk og mental helse.

For Pål-Ørjan Johansen er dette ei stadfesting av sin eigen personlege historie. Som ungdom opplevde Johansen mykje tragedie.Då han var 13 år mista han broren sin, og same år døydde tre av besteforeldrene hans. I tillegg til erfaring som skilsmissebarn og alkoholisme i familien bar Johansen med seg ein større baggasje enn dei aller fleste inn i vaksenlivet. Depresjonar og alkoholmisbruk vart ein del av livet hans.

_MG_9132-Edit (1)

Forskar og psykolog Pål-Ørjan Johansen

– Eg hadde problem med å snakke om livshistoria mi, eg skamma meg mykje, og hadde problem med å vere nær andre menneske, fortel Johansen.

Tilfeldigvis vart Johansen introdusert for psykadelisk sopp då han var student. Ei oppleving som forandra alt.

– Det var ein eineståande vakker oppleving. Djupt personleg meiningsfull, og også av ein slags spirituell karakter.

– Eg begynte å sjå historia mi og menneska rundt meg i eit heilt nytt lys. Og begynte å tenkje på at me ikkje berre blir påvirka av her og no, men av foreldra våre, og deira foreldre igjen. Det starta ein prosess der eg begynte med inngåande sjølvransakelse og la om min livsstil. Eg begynte å ta meir vare på meg sjølv, og begynte å bli meir i balanse.

Johansen har i desse dagar fått merksemd frå pressa i heile verda for den omfattande forskningsrapporten. Sjølv trur han det er realistisk at psykadelika vil bli godkjent som behandling i det norske helsevesenet om få år. Gjennom organisasjonen EmmaSofia vert det arbeida politisk for å auke tilgongen til psykadelika, der det også er starta ei internasjonal crowdfunding-aksjon.

Høyr heile intervjuet med PJohansen ved å kikke i boksen øvst i artikkelen. Grunna tekniske problem er diverre lydkvaliteten ikkje på topp i denne episoden.

Følg Uten Filter på…

Episode 1 – Siri Helle avslørar juks i matbransjen

Last ned episoden her

Me blir det me et – det er noko dei fleste er samde om. Men veit du eigentleg kva maten du får i deg inneheld? Sannsynet er stort for at mykje av maten du trudde var sunn og god for både helsa og miljøet, tvert i mot inneheld så mykje tilsetjingstoffer at vinninga går opp i spinninga, skal ein tru Siri Helle. Ho er utdanna agronom i økologisk landbruk frå Sogn jord- og hagebruksskule, og har arbeidd som avløysar og gardsarbeidar, og har fast matspalte i avisa Dag og Tid. Nyleg ga ho ut boka «Handle rett – ei matbransje full av juks», der ho tek eit kraftig oppgjer med nordmenns handlevanar.

Er plantemargarin eigentleg sunnare enn smør? Er kylling så mykje betre enn anna type kjøtt? Og grovbrødet i daglegvarebutikken, kor bra er det eigentleg for helsa?

Det er tid for å knuse nokre matmyter. Få med deg første episode av Uten Filter!

Følg Uten Filter på…

Uten Filter vil pirke litt i hjernen din

Det er ei stor glede å kunne ønskje velkommen til Uten Filter – Norges første nyheitsbaserte intervjupodkast!

Podkastformatet er relativt upløyd mark i den norske mediafloraen. Det finst få podkastar i som tek opp viktige samfunnsspørsmål. Uten Filter skal forsøke seg på nettopp det. Ved å gå i djupna med reflekterte gjester som sterke meininger, er målet å informere, engasjere og pirke litt i hjernen din.

Kvifor podkast?

Mediebransjen opplever dramatiske endringer for kvart einaste år som går. For det meste er det dystre nyheiter. Avisredaksjonane må kutte til beinet for å få budsjetta i balanse. Arbeidspresset er knallhardt for dei som blir igjen. Når det skjer noko av større format i nyheitsbiletet, er det få som har tid eller ressursar til å løfte blikket og sjå det store biletet. Dermed kan ein få eit inntrykk av ei presse som spring i flokk. Kort sagt, media blir meir einsretta, ikkje fordi det er ei villa utvikling, men som ein naturleg konsekvens av knalltøffe økonomiske tilhøve.

Samtidig er me i Norge vitne til ei bekymringsverdig tendens, der oppslutninga om ytringsfridomen er på dalande kurs, og der mange nordmenn kvier seg for å ytre seg i det offentlege rom. Ifølgje undersøkinga «Status for ytringsfriheten i Norge» frå 2014, svarar berre åtte prosent av nordmenn at dei vil ytre ei meining på nettet som dei brenn for, men som risikerer å støte andre personar. Berre 15 prosent ville gjort det på jobben.

Med andre ord, å vere politisk korrekt kan virke som ei rådande tendens, både i mediabransjen og blant nordmenn flest. Dét er eit dårleg teikn for meiningsmangfaldet.

Med dette som bakteppe, er formålet med Uten Filter å gå i mot straumen. Podkasten skal vere eit høve til å gå i djupna med personar som ikkje er redde for å stikke seg fram og stå for det dei meiner. Sjølv om det kan ha ubehagelege konsekvensar. Og det er heldigvis mange av dei, sjølv om ein kanskje ikkje ser dei jamnleg på TV.

Målet ved podkasten er å publisere ei ny episode kvar veke. Men dette er i første omgang eit hobbyprosjekt, så tid og ressursar vil vere styrande for frekvensen. Vegen kjem uansett til å bli til undervegs, så mykje kan skje. Om podkasten har livets rett gjenstår og sjå. Om dette forblir eit tidsavgrensa prosjekt, eller om det er eit lite steg inn i framtidas media, vil tida vise. Uansett kva dette er, trur eg du vil bli litt klokare om du tek på deg headsetet og går ein tur med Uten Filter på øyrene.

Me høyrast!

Beste helsing
Jonas Sætre
programleiar og produsent