Uten Filter vil pirke litt i hjernen din

Det er ei stor glede å kunne ønskje velkommen til Uten Filter – Norges første nyheitsbaserte intervjupodkast!

Podkastformatet er relativt upløyd mark i den norske mediafloraen. Det finst få podkastar i som tek opp viktige samfunnsspørsmål. Uten Filter skal forsøke seg på nettopp det. Ved å gå i djupna med reflekterte gjester som sterke meininger, er målet å informere, engasjere og pirke litt i hjernen din.

Kvifor podkast?

Mediebransjen opplever dramatiske endringer for kvart einaste år som går. For det meste er det dystre nyheiter. Avisredaksjonane må kutte til beinet for å få budsjetta i balanse. Arbeidspresset er knallhardt for dei som blir igjen. Når det skjer noko av større format i nyheitsbiletet, er det få som har tid eller ressursar til å løfte blikket og sjå det store biletet. Dermed kan ein få eit inntrykk av ei presse som spring i flokk. Kort sagt, media blir meir einsretta, ikkje fordi det er ei villa utvikling, men som ein naturleg konsekvens av knalltøffe økonomiske tilhøve.

Samtidig er me i Norge vitne til ei bekymringsverdig tendens, der oppslutninga om ytringsfridomen er på dalande kurs, og der mange nordmenn kvier seg for å ytre seg i det offentlege rom. Ifølgje undersøkinga «Status for ytringsfriheten i Norge» frå 2014, svarar berre åtte prosent av nordmenn at dei vil ytre ei meining på nettet som dei brenn for, men som risikerer å støte andre personar. Berre 15 prosent ville gjort det på jobben.

Med andre ord, å vere politisk korrekt kan virke som ei rådande tendens, både i mediabransjen og blant nordmenn flest. Dét er eit dårleg teikn for meiningsmangfaldet.

Med dette som bakteppe, er formålet med Uten Filter å gå i mot straumen. Podkasten skal vere eit høve til å gå i djupna med personar som ikkje er redde for å stikke seg fram og stå for det dei meiner. Sjølv om det kan ha ubehagelege konsekvensar. Og det er heldigvis mange av dei, sjølv om ein kanskje ikkje ser dei jamnleg på TV.

Målet ved podkasten er å publisere ei ny episode kvar veke. Men dette er i første omgang eit hobbyprosjekt, så tid og ressursar vil vere styrande for frekvensen. Vegen kjem uansett til å bli til undervegs, så mykje kan skje. Om podkasten har livets rett gjenstår og sjå. Om dette forblir eit tidsavgrensa prosjekt, eller om det er eit lite steg inn i framtidas media, vil tida vise. Uansett kva dette er, trur eg du vil bli litt klokare om du tek på deg headsetet og går ein tur med Uten Filter på øyrene.

Me høyrast!

Beste helsing
Jonas Sætre
programleiar og produsent

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s