Episode 2 – Pål-Ørjan Johansen: Fekk livet endra av psykadelika, no vil han bane veg for andre

Last ned episoden her

LSD, MDMA, fleinsopp og andre hallusinogene substansar har til felles at dei er strengt ulovlege. Men det er ikkje mange tiår sidan mange forskarar i Vesten utforska potensialet for å bruke stoffa som medisin for ulike mentale helseplagar. Men då hippierørsla tok stoffa ut på gata stoppa det meste av den seriøse forskninga.

No har den norske psykologen og forskaren Pål-Ørjan Johansen, i lag med ektefelle og medforskar Teri Krebs, tatt opp tråden, og publisert den mest omfattande forskninga om effekten psykadelika-bruk nokon sinne. Ved å analysere helseopplysningane til 135.000 amerikanarar, der 19.000 hadde brukt psykadelika, viste forskningsrapporten ingen link mellom psykadelikabruk og mental helse.

For Pål-Ørjan Johansen er dette ei stadfesting av sin eigen personlege historie. Som ungdom opplevde Johansen mykje tragedie.Då han var 13 år mista han broren sin, og same år døydde tre av besteforeldrene hans. I tillegg til erfaring som skilsmissebarn og alkoholisme i familien bar Johansen med seg ein større baggasje enn dei aller fleste inn i vaksenlivet. Depresjonar og alkoholmisbruk vart ein del av livet hans.

_MG_9132-Edit (1)

Forskar og psykolog Pål-Ørjan Johansen

– Eg hadde problem med å snakke om livshistoria mi, eg skamma meg mykje, og hadde problem med å vere nær andre menneske, fortel Johansen.

Tilfeldigvis vart Johansen introdusert for psykadelisk sopp då han var student. Ei oppleving som forandra alt.

– Det var ein eineståande vakker oppleving. Djupt personleg meiningsfull, og også av ein slags spirituell karakter.

– Eg begynte å sjå historia mi og menneska rundt meg i eit heilt nytt lys. Og begynte å tenkje på at me ikkje berre blir påvirka av her og no, men av foreldra våre, og deira foreldre igjen. Det starta ein prosess der eg begynte med inngåande sjølvransakelse og la om min livsstil. Eg begynte å ta meir vare på meg sjølv, og begynte å bli meir i balanse.

Johansen har i desse dagar fått merksemd frå pressa i heile verda for den omfattande forskningsrapporten. Sjølv trur han det er realistisk at psykadelika vil bli godkjent som behandling i det norske helsevesenet om få år. Gjennom organisasjonen EmmaSofia vert det arbeida politisk for å auke tilgongen til psykadelika, der det også er starta ei internasjonal crowdfunding-aksjon.

Høyr heile intervjuet med PJohansen ved å kikke i boksen øvst i artikkelen. Grunna tekniske problem er diverre lydkvaliteten ikkje på topp i denne episoden.

Følg Uten Filter på…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s