Episode 8, Bjørn Ditlef Nistad – Russland-historikaren som forsvarar Russland og Putin

Foto: Skjermbilete frå NRK

Han har skjelt ut utanriksminister Børge Brende på direktesendt TV, og provosert mange med sine Putin- og Russland-vennlege kronikkar og ytringar. Historikaren Bjørn Ditlef Nistad har sett det på si oppgåve å stå opp i mot det han meiner er ei demonisering av Russland i det norske samfunnet.

– Eg synest det er eit svært einsidig bilete av Russland og Putin, og har sett det som mi oppgåve å prøve og bidra til å korrigere dette bilete. Det føregår ei demonisering av Russland og Putin som eg ser på som hysterisk og farleg, men den er så sterk at folk som eg trur har andre meininger og skjønner at dette bør nyanserast, dei tør rett og slett ikkje å gjere det, seier Nistad.

Nistad meiner seg pressa ut av stillinga si ved Universitetet i Oslo som ein konsekvens av hans mangeårige motstridande syn på Ukraina-konflikten, Russland og Vladimir Putin.

– Det er eit stort problem i Norge i dag med universitetstilsette som går på midlertidige kontraktar og vil bli fast tilsett, men dei er redde for å uttale seg om kontroversielle ting, som å kritisere styresmaktene, fordi dei veit at det betyr at dei kanskje ikkje får fast jobb.

Nistad fortel at mange råda han til å vente med å få fast jobb før han flagga dei Russland-venlege synspunkta sine. Han meiner dette er eit teikn på at ytringsfridomen ikkje står så sterkt i Norge som mange trur.

– Det er ein veldig sterk grad av sjølvsensur i Norge, også blant forskarar, og det trur eg er farleg. Eg trur Norge er er eit av dei landa i verda, sett bort ifrå diktaturar, der du faktisk har minst ytringsfridom og der folk er mest redde for å utfordre offisielle synspunkt. Det er nesten ein slags fryktkultur her.

Nistad meiner det er avslørande at åtte sentrale Janukovitsj-støttespelararar er funnen døde i Ukraina dei siste månadane, utan at vestleg media og menneskerettsorganisasjonar har reagert på det. Samtidig peiker han på at reaksjonen etter at den russiske opposisjonspolitikaren Boris Nemtsov vart funnen drept, var heilt anna.

– Norske styresmakter vil ikkje sjå kva som skjer i Ukraina, fordi det er eit geopolitisk spel og då ofrar dei alle prinsipper og einkvar form for anstendigheit. Helsingfors-komiteen har ikkje nevnt desse drapa med eit pip. Det er eit hykleri av ein annan verd, meiner Nistad.

Følg Uten Filter på…

Episode 7 – Tonje Hessen Schei, regissør av dokumentarfilmen Drone

Den moderne dronekrigen er eit nytt kapittel i verdas krigshistorie. Er dette ein meir effektiv og målretta måte å krige på, utan dei negative konsekvensane av å sende soldatar i krig, eller er dette ein form for statsterrorisme der uskyldige menneske vert avretta på feigaste vis, utan at det får nokre konsekvensar?

Tonje Hessen Schei har landa på det sistnemnde, etter at ho i fleire år har møtt ofre, pilotar og ekspertar knytt til dronekrigen. Ho trur ikkje verdssamfunnet tek inn over seg konsekvensane av denne måten å krige på.

– Eg er stygt redd for at det er eit skremmande framtidsscenario me har framføre oss. Eg meiner at USA har satt ein veldig farleg standard for korleis krig kan utførast, kor menneske som vert sett på som ein potensiell trugsel, rett og slett berre vert avretta utan noko ansvarleggjering.

– Teknologien har ei rasande utvikling og spredning. Når også land som Russland, Iran, Nord-Korea, Kina sit med droneteknologi, så meiner eg det berre er spørsmål om tid før me plutseleg står overfor ein overalt-krig med heile verda som krigssone.

I dokumentaren, som mellom anna har fått Cinema for Peace-prisen og prisen for beste norske dokumentarfilm på Bergen internasjonale filmfestival, presenterer slåande tal frå dronekrigen. Berre i Pakistan har droneangrep teke liva til mellom 2500 og 3500 personar mellom 2004 og 2013. Av desse er berre 49 identifisert som profilerte militante, Ein stor del av ofra er barn.

I dette intervjuet vil Hessen Schei fortelle om erfaringane ho har gjort seg etter å ha arbeidd med denne dokumentaren. Ho meiner Norge som USAs nære allierte er medansvarleg for drapa på usuldige ofre, og etterlyser ein politisk debatt om temaet. I eit innlegg på NRK Ytring åtvara ho om at terrotåtaka i Europa kan knyttast direkte til Vestens krigføring, og at dette berre er starten dersom me ikkje tek eit skarpt oppgjer med denne politikken.

Har du ikkje fått med deg filmen, kan du sjå den på TV 2, 27. april. Filmen går også framleis på kino i Oslo. Følg gjerne Drone på Facebook.

Følg Uten Filter på…

Episode 6 – Johan Galtung, verdens første fredsforskar om konflikten mellom Vesten og Islam

Last ned episoden her

Nyheitsdekninga det siste året har i svært stor grad vore prega av konflikt mellom Islam og Vesten. Frå terrorangrepa i Paris og København og terrortrugsel på norsk jord, til framveksten av IS, norske framandkrigarar og Vestens krigføring i Midtausten. Sjølv for den verdskjende norske professoren og fredsmeklaren Johan Galtung er dette dramatiske tider i tilhøvet mellom Vesten og Islam.

– Me er vitne til eit nokså dramatisk tidsskifte, der kristendommen og sekularismen er på veg nedover, og der Islam og nær sagt alt det ikkje-vestlege er på veg oppover, seier Galtung innleiingsvis i denne episoden av Uten Filter.

Galtung, som har over 60 års erfaring med fredsforskning, er ikkje overraska over tilspissinga i midtausten, og brutaliteten ein ser i konflikten mellom Sunni- og Shiamuslimar i land som Irak og Syria. Han ser på det mellom anna som ein naturleg effekt av Vestens mangeårige krigføring i dei muslimske landa.

– Muslimske land er blitt invadert og bombadert, og det er ein viktig årska. Her kan me sjå ein konflikt mellom dei som ønskjer seg beskyttelse frå til dømes ein amerikansk okkupasjon, og dei som absolutt ikkje ønskjer seg det.

Den sterke brutaliteten mellom Sunni- og Shia-muslimane sjokkerer også Galtung, men han trur det vil gjere vondt verre at Vesten blandar seg ytterlegare inn i konflitken.

– Jo fleire ISIS-fightere du drep, jo fleire vil du få. Kanskje fem per ein, kanskje ti per ein. Vesten trur at ved hjelp av militær offensiv, enten om det er i Saudi-Arabia eller Jemen, så er det ei åtvaring til andre om ikkje å gripe til vald. Tvert i mot, ein vil få akkurat det motsette.

I staden så meiner Galtung at løysinga vil vere å nytte forsvaret defensivt, ved å forsyne stader som er truga av IS med materiell.

Galtung er ikkje optimist med tanke på korleis valden kjem til å utvikle seg dei neste åra, og han trur verken Vesten eller IS vil vere i stand til å møtast til forsoning aleine. Han trur løysinga vil liggje hos tredjepartsland som Russland, Kina og india for å på sikt skape ein ny stabil verdsorden.

Fredsforskaran meiner den norske debatten om ytringsfridom og islam er snever og historielaus, og åtvarar om at trykking av karikaturteikningane av Muhammed for einkvar pris, vil kunne føre til fleire terroråtak, som i Paris og København. Også i Noreg.

– Eg trur ikkje dei har forstått at når du lagar karikaturar av islam på den måten dei gjer, når du avbilder deira profet og skapar han om til voldsperson, så er ikkje dette ytringsfridom, det er sjelsdrap. Det er drap av ein kollektiv og individuell muslimsk sjel. Det er eit stikk som går inn i hjarta på den det dreier seg om, seier Galtung.

– Det går gjennom den muslimske verden, dei er sjokkert, dei lider. Og så vil det vere ein eller annan som lider meir enn dei andre, og som er meir aggresive enn dei andre. Og så kjem valdshandlinga. Det skjedde, og det kjem til å skje igjen om ein held fram på same måten.

Følg Uten Filter på…

Episode 5 – Hanne Nabintu Herland, om Norge og Vesten i moralsk forfall

Foto: Paul Berhard

Last ned episoden her

Religionshistorikar og forfattar Hanne Nabintu Herland har markert seg som ein av dei verkeleg kontroversielle debattantane i Norge, då ho i mange år har nådelaust kritisert etablerte samfunnsstrukturer. I denne episoden greier Herland ut om kva ho meiner med at Norge og Vesten er i moralsk forfall, og korleis Norges engasjement i Midtausten slår sprekker i biletet av Norge som fredsnasjon.

– Me toler så inderleg vel den urett som rammar andre enn oss sjølv, oppsummerer religionshistorikar Hanne Nabintu Herland den fråverande debatten om det norske krigsengasjementet i Midtausten.

Herland har dei siste åra markert seg som ein av Norges skarpaste motstandarane av den vestlege krigføringinga, mellom anna i Libya. Ho meiner norsk media bidrar til å skape eit skeiv bilete av situasjonen i Midtausten, der krigshandlingar mot folk av ikkje-vestlege kulturar blir kraftig underrapportert, medan det vert slått opp stort dersom det er kvite ofre involvert.

– Det er ei så stor mangel på interesse i Vesten blant alt anna enn når det er vestlege borgarar som døyr. Her ligg det ein kraftig dobbeltmoral, seier Herland.

Herland meiner denne skeive balansen fører til eit svært konsensusdominert ordskifte om norsk og vestleg utanrikspolitikk, og meiner det er ein del av forklaringa til at det ikkje har blitt noko offentleg debatt om at Norge no vert ein deltakar i borgarkrigen mellom sunni- og shiamuslimar i Irak, gjennom kampen mot IS.

Religionshistorikaren meiner fråveret av krigsmotstand i Noreg er eit teikn på eit Vesten i moralsk forfall, der stadig færre tør å ytre seg kritisk mot makthavarane i samfunnsdebatten.

Følg Uten Filter på…