Episode 6 – Johan Galtung, verdens første fredsforskar om konflikten mellom Vesten og Islam

Last ned episoden her

Nyheitsdekninga det siste året har i svært stor grad vore prega av konflikt mellom Islam og Vesten. Frå terrorangrepa i Paris og København og terrortrugsel på norsk jord, til framveksten av IS, norske framandkrigarar og Vestens krigføring i Midtausten. Sjølv for den verdskjende norske professoren og fredsmeklaren Johan Galtung er dette dramatiske tider i tilhøvet mellom Vesten og Islam.

– Me er vitne til eit nokså dramatisk tidsskifte, der kristendommen og sekularismen er på veg nedover, og der Islam og nær sagt alt det ikkje-vestlege er på veg oppover, seier Galtung innleiingsvis i denne episoden av Uten Filter.

Galtung, som har over 60 års erfaring med fredsforskning, er ikkje overraska over tilspissinga i midtausten, og brutaliteten ein ser i konflikten mellom Sunni- og Shiamuslimar i land som Irak og Syria. Han ser på det mellom anna som ein naturleg effekt av Vestens mangeårige krigføring i dei muslimske landa.

– Muslimske land er blitt invadert og bombadert, og det er ein viktig årska. Her kan me sjå ein konflikt mellom dei som ønskjer seg beskyttelse frå til dømes ein amerikansk okkupasjon, og dei som absolutt ikkje ønskjer seg det.

Den sterke brutaliteten mellom Sunni- og Shia-muslimane sjokkerer også Galtung, men han trur det vil gjere vondt verre at Vesten blandar seg ytterlegare inn i konflitken.

– Jo fleire ISIS-fightere du drep, jo fleire vil du få. Kanskje fem per ein, kanskje ti per ein. Vesten trur at ved hjelp av militær offensiv, enten om det er i Saudi-Arabia eller Jemen, så er det ei åtvaring til andre om ikkje å gripe til vald. Tvert i mot, ein vil få akkurat det motsette.

I staden så meiner Galtung at løysinga vil vere å nytte forsvaret defensivt, ved å forsyne stader som er truga av IS med materiell.

Galtung er ikkje optimist med tanke på korleis valden kjem til å utvikle seg dei neste åra, og han trur verken Vesten eller IS vil vere i stand til å møtast til forsoning aleine. Han trur løysinga vil liggje hos tredjepartsland som Russland, Kina og india for å på sikt skape ein ny stabil verdsorden.

Fredsforskaran meiner den norske debatten om ytringsfridom og islam er snever og historielaus, og åtvarar om at trykking av karikaturteikningane av Muhammed for einkvar pris, vil kunne føre til fleire terroråtak, som i Paris og København. Også i Noreg.

– Eg trur ikkje dei har forstått at når du lagar karikaturar av islam på den måten dei gjer, når du avbilder deira profet og skapar han om til voldsperson, så er ikkje dette ytringsfridom, det er sjelsdrap. Det er drap av ein kollektiv og individuell muslimsk sjel. Det er eit stikk som går inn i hjarta på den det dreier seg om, seier Galtung.

– Det går gjennom den muslimske verden, dei er sjokkert, dei lider. Og så vil det vere ein eller annan som lider meir enn dei andre, og som er meir aggresive enn dei andre. Og så kjem valdshandlinga. Det skjedde, og det kjem til å skje igjen om ein held fram på same måten.

Følg Uten Filter på…

One thought on “Episode 6 – Johan Galtung, verdens første fredsforskar om konflikten mellom Vesten og Islam

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s