Episode 7 – Tonje Hessen Schei, regissør av dokumentarfilmen Drone

Den moderne dronekrigen er eit nytt kapittel i verdas krigshistorie. Er dette ein meir effektiv og målretta måte å krige på, utan dei negative konsekvensane av å sende soldatar i krig, eller er dette ein form for statsterrorisme der uskyldige menneske vert avretta på feigaste vis, utan at det får nokre konsekvensar?

Tonje Hessen Schei har landa på det sistnemnde, etter at ho i fleire år har møtt ofre, pilotar og ekspertar knytt til dronekrigen. Ho trur ikkje verdssamfunnet tek inn over seg konsekvensane av denne måten å krige på.

– Eg er stygt redd for at det er eit skremmande framtidsscenario me har framføre oss. Eg meiner at USA har satt ein veldig farleg standard for korleis krig kan utførast, kor menneske som vert sett på som ein potensiell trugsel, rett og slett berre vert avretta utan noko ansvarleggjering.

– Teknologien har ei rasande utvikling og spredning. Når også land som Russland, Iran, Nord-Korea, Kina sit med droneteknologi, så meiner eg det berre er spørsmål om tid før me plutseleg står overfor ein overalt-krig med heile verda som krigssone.

I dokumentaren, som mellom anna har fått Cinema for Peace-prisen og prisen for beste norske dokumentarfilm på Bergen internasjonale filmfestival, presenterer slåande tal frå dronekrigen. Berre i Pakistan har droneangrep teke liva til mellom 2500 og 3500 personar mellom 2004 og 2013. Av desse er berre 49 identifisert som profilerte militante, Ein stor del av ofra er barn.

I dette intervjuet vil Hessen Schei fortelle om erfaringane ho har gjort seg etter å ha arbeidd med denne dokumentaren. Ho meiner Norge som USAs nære allierte er medansvarleg for drapa på usuldige ofre, og etterlyser ein politisk debatt om temaet. I eit innlegg på NRK Ytring åtvara ho om at terrotåtaka i Europa kan knyttast direkte til Vestens krigføring, og at dette berre er starten dersom me ikkje tek eit skarpt oppgjer med denne politikken.

Har du ikkje fått med deg filmen, kan du sjå den på TV 2, 27. april. Filmen går også framleis på kino i Oslo. Følg gjerne Drone på Facebook.

Følg Uten Filter på…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s