Episode 8, Bjørn Ditlef Nistad – Russland-historikaren som forsvarar Russland og Putin

Foto: Skjermbilete frå NRK

Han har skjelt ut utanriksminister Børge Brende på direktesendt TV, og provosert mange med sine Putin- og Russland-vennlege kronikkar og ytringar. Historikaren Bjørn Ditlef Nistad har sett det på si oppgåve å stå opp i mot det han meiner er ei demonisering av Russland i det norske samfunnet.

– Eg synest det er eit svært einsidig bilete av Russland og Putin, og har sett det som mi oppgåve å prøve og bidra til å korrigere dette bilete. Det føregår ei demonisering av Russland og Putin som eg ser på som hysterisk og farleg, men den er så sterk at folk som eg trur har andre meininger og skjønner at dette bør nyanserast, dei tør rett og slett ikkje å gjere det, seier Nistad.

Nistad meiner seg pressa ut av stillinga si ved Universitetet i Oslo som ein konsekvens av hans mangeårige motstridande syn på Ukraina-konflikten, Russland og Vladimir Putin.

– Det er eit stort problem i Norge i dag med universitetstilsette som går på midlertidige kontraktar og vil bli fast tilsett, men dei er redde for å uttale seg om kontroversielle ting, som å kritisere styresmaktene, fordi dei veit at det betyr at dei kanskje ikkje får fast jobb.

Nistad fortel at mange råda han til å vente med å få fast jobb før han flagga dei Russland-venlege synspunkta sine. Han meiner dette er eit teikn på at ytringsfridomen ikkje står så sterkt i Norge som mange trur.

– Det er ein veldig sterk grad av sjølvsensur i Norge, også blant forskarar, og det trur eg er farleg. Eg trur Norge er er eit av dei landa i verda, sett bort ifrå diktaturar, der du faktisk har minst ytringsfridom og der folk er mest redde for å utfordre offisielle synspunkt. Det er nesten ein slags fryktkultur her.

Nistad meiner det er avslørande at åtte sentrale Janukovitsj-støttespelararar er funnen døde i Ukraina dei siste månadane, utan at vestleg media og menneskerettsorganisasjonar har reagert på det. Samtidig peiker han på at reaksjonen etter at den russiske opposisjonspolitikaren Boris Nemtsov vart funnen drept, var heilt anna.

– Norske styresmakter vil ikkje sjå kva som skjer i Ukraina, fordi det er eit geopolitisk spel og då ofrar dei alle prinsipper og einkvar form for anstendigheit. Helsingfors-komiteen har ikkje nevnt desse drapa med eit pip. Det er eit hykleri av ein annan verd, meiner Nistad.

Følg Uten Filter på…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s