Episode 11 – Stein Morten Lier, forfattaren som slår alarm om mafiaen i Norge

*****

Mange heva på augebryna då Kripos-toppen Eivind Borge i eit intervju med Dagbladet førre veke advarte om at mafialiknande strukturer er i ferd med å ta over enkelte bransjer i norsk næringsliv, og at Norge kan bli forandra for alltid dersom dette vert gjort noko med.

Dette var allereie konklusjonane i boka «Mafia i Norge» frå 2013, forfatta av denne vekas Uten Filter-gjest, forfattar og programleiar Stein Morten Lier. Han meiner det er på høg tid at politiet for første gong omtalar den organiserte kriminaliteten som mafia.

– Det er på høg tid at politiet reiser dette flagget, og åtvarar mot kor alvorleg det er. Dette er med på å undergrave heile økonomien. Dersom dette får utvikle seg vidare så er dette veldig skadeleg for samfunnet vårt.

Lier trur ikkje folk er klar over kva slags konsekvensar det kan få om desse mafianettverka får vekse seg større.

– Denne negative utviklinga kan føre til meir vald, trugslar og at fleire lovlydige verksemder går konkurs fordi dei ikkje klarar å konkurrere. Driv du eit firma der du blander inn penger frå kriminell verksemd, så vil du på sikt presse ut alle aktørene som prøvar å vere lovlydige. Dette vil berre spreie seg vidare.

– Det ligg i denne kriminalitetens natur at dei ønskjer å korrumpere for å minimere risikoen for å bli tatt. Så dei knyttar til seg ulike personar i privat næringsliv, som legar, revisorar, advokatar og så vidare, men også offentlege tenestemenn. Dette kjem me til å sjå meir av, seier forfattaren.

Lier meiner me har ein situasjon der me ikkje lenger kan stole på at politiet aleine kan bekjempe denne kriminaliteten. Ansvaret meiner han ligg på kvar enkelt borgar.

– Folk må forstå at det ikkje berre er politiets oppgåve å sørgje for at det blir minst mogleg av dette. Det er alle sitt ansvar. Om alle er villige til å kjøpe varar og tenester frå kriminelle verksemder for å spare litt pengar, så skapar me meir kriminalitet. Me får den kriminaliteten me fortener.

Stein Morten Lier har i tillegg til boka Mafia i Norge, forfatta ei rekkje spenningsromanar. Til dagleg er han å sjå på TV-kanalen Max, som programleiar for Insider.

Følg Uten Filter på…

Episode 10 – Knut Braa, krigsveteranen som vann mot forsvarsdepartementet

*****

Knut Braa vart i 1982 sendt til Libanon for å kjempe som som del av FN-styrka UNFIL som 19-åring. Nokre dagar seinare invaderte Israel landet, og Braa hamna midt oppi dei verst tenkelege krigsscenane. Det skulle endra livet hans for alltid, og han vart seinare diagnosert med posttraumatisk stressliding.

Ingen i kontigenten til Braa fekk noko som helst oppfølging av forsvaret då dei returnerte til Noreg, og svært mange sleit med inntrykka frå krigen. Braa fortel at han 13 av hans medsoldatar tok sjølvmord.

Eter mange år vann Knut Braa ei historisk rettssak i 2006, då han vart den første veteranen som klarte å kjempa seg til erstatning av forsvarsdepartementet. No er Braa forfattar, og åtvarar dagens ungdom mot å bli soldatar i utlandet. Sjølv om svært mykje har endra seg sidan Libanon-krigen når det gjeld oppfølging, så trur han ingen kan førebu soldatar på kva som kan vente dei i krig. Til dømes i det komande norske krigsinnsatsen i Irak.

– Å førebu seg på krig er like vanskeleg som å lese seg opp til korleis det er å oppleve ei trafikkulukke. Det er berre ikkje mogleg. Det hjelper ingenting kor mykje opplæring du har.

Han er klar på kva slags råd han vil gi til eventyrlysten ungdom som vurderar å bli soldat i utlandet.

– Ikkje gjer det. Det er ikkje verdt det. Du drar ut til eit krigsområde der ikkje noko er sikkert. Det einaste som er sikkert er at alt er usikkert. Alt er lov, alt er ulovleg, kva som helst kan skje, fortel Braa som heller oppfordrar ungdom som ønskjer å gjere ei forskjell til å engasjere seg i hjelpeorganisasjonar.

Knut Braa har forfatta den sjølvbiografiske boka «Den lange veien hjem» om sine erfaringar som soldat, i tillegg til ei rekke spenningsromanar. For å finne ut meir, besøk nettsida hans.

Følg Uten Filter på…

Episode 9 – Ole Humlum, professoren som støttar klimaskeptikarane

*****

Finansminister Siv Jensen skapte internasjonale overskrifter då ho i eit nyleg intervju med Aftenposten uttalte at ho tvilte på om klimaendringane er menneskeskapte. Ein samla offentlegheit reagerte med hån og latterleggjering over at finansministeren ikkje stolte på vitskapen. Denne vekas gjest i Uten Filter, er den norske professoren Ole Humlum, som forsvarar Siv Jensens syn. Professoren, som jobbar på institutt for geofag ved UiO og Universitetssenteret på Svalbard, er etter tiår med eigen forskning overbevist om at hovudårsakene til klimaendringane ikkje er menneskeskapte.

På nettsida geoforskning.no har han publisert ei rekkje populærvitskapelege artiklar som går i mot m.a. FNs klimarapport. Humlum sjølv meiner det er langt fleire klimaforskarar som er kritiske til at global oppvarming i hovudsak skuldast menneske, enn kva som kjem fram i den norske samfunnsdebatten. Så mykje som ein tredjedel.

– Når eg snakkar med folk i fortruleg samanheng, så blir eg klar over at det er langt fleire som deler mine synspunkter. Mitt personlege inntrykk er at eg trur alle forskarar som direkte jobbar med klimarelaterte problemstillinger, så er det berre ein tredjedel som er hundre prosent sikker på at CO2-hypotesen er korrekt, og så vil det sikkert vere ein tredjedel som er sterkt kritisk overfor hypotesen, og ein tredjedel som ikkje veit kva dei meiner om det, seier Humlum.

Professoren meiner mange av dei kritiske forskarane vegrer seg frå å gå ut i media fordi reaksjonane er så sterke.

– Det er naturlegvis mykje sjølvsensur blant forskarar. Når nokon lufter kritiske synspunkt, så blir vedkommande erklært som inkompetent eller uvitande eller i verste fall avkrevd ein detaljert forklaring på kvifor ein seier det ein seier. Men dei som ukritisk støtter opp om klimapanelet blir aldri avkrevd ein forklaring, seier Humlum.

Etter Siv Jensens utspel publiserte yr.no ei sak der dei intervjua to klimaforskarar om kva usemja eigentleg består i blant klimaforskarane. Ifølgje Cicero-forskar herskar det ingen eller liten tvil om dei følgjande fem punkta:

1) Verda vert varmare, 2) Klimaet endrar seg frå øvst til nedst, 3) Endringane i klimaet skuldast i hovudsak auka drivhuseffekt, 4) Den auka drivhuseffekten er i hovudsak skapt av menneske, 5) Sola er ikkje årsak til klimaendringane.

Men av desse fem påståtte etablerte sanningar er det berre den første Ole Humlum er heilt samd i.

– Eg vert naturlegvis trist til mote når opne vitskapelege spørsmål blir presentert som fakta. Eg er ikkje komfortabel med at spørsmål som ikkje er avklarte vert presentert som avklarte spørsmål, seier Humlum.

– Historien er fullt med døme på at fleirtalet ikkje alltid har rett. Vitskapelege problem vert ikkje avgjort demokratisk med fleirtal. Det som er interessant er kven som har rett, ikkje kva fleirtalet meiner.

Følg Uten Filter på…