Episode 11 – Stein Morten Lier, forfattaren som slår alarm om mafiaen i Norge

*****

Mange heva på augebryna då Kripos-toppen Eivind Borge i eit intervju med Dagbladet førre veke advarte om at mafialiknande strukturer er i ferd med å ta over enkelte bransjer i norsk næringsliv, og at Norge kan bli forandra for alltid dersom dette vert gjort noko med.

Dette var allereie konklusjonane i boka «Mafia i Norge» frå 2013, forfatta av denne vekas Uten Filter-gjest, forfattar og programleiar Stein Morten Lier. Han meiner det er på høg tid at politiet for første gong omtalar den organiserte kriminaliteten som mafia.

– Det er på høg tid at politiet reiser dette flagget, og åtvarar mot kor alvorleg det er. Dette er med på å undergrave heile økonomien. Dersom dette får utvikle seg vidare så er dette veldig skadeleg for samfunnet vårt.

Lier trur ikkje folk er klar over kva slags konsekvensar det kan få om desse mafianettverka får vekse seg større.

– Denne negative utviklinga kan føre til meir vald, trugslar og at fleire lovlydige verksemder går konkurs fordi dei ikkje klarar å konkurrere. Driv du eit firma der du blander inn penger frå kriminell verksemd, så vil du på sikt presse ut alle aktørene som prøvar å vere lovlydige. Dette vil berre spreie seg vidare.

– Det ligg i denne kriminalitetens natur at dei ønskjer å korrumpere for å minimere risikoen for å bli tatt. Så dei knyttar til seg ulike personar i privat næringsliv, som legar, revisorar, advokatar og så vidare, men også offentlege tenestemenn. Dette kjem me til å sjå meir av, seier forfattaren.

Lier meiner me har ein situasjon der me ikkje lenger kan stole på at politiet aleine kan bekjempe denne kriminaliteten. Ansvaret meiner han ligg på kvar enkelt borgar.

– Folk må forstå at det ikkje berre er politiets oppgåve å sørgje for at det blir minst mogleg av dette. Det er alle sitt ansvar. Om alle er villige til å kjøpe varar og tenester frå kriminelle verksemder for å spare litt pengar, så skapar me meir kriminalitet. Me får den kriminaliteten me fortener.

Stein Morten Lier har i tillegg til boka Mafia i Norge, forfatta ei rekkje spenningsromanar. Til dagleg er han å sjå på TV-kanalen Max, som programleiar for Insider.

Følg Uten Filter på…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s