Episode 20 – Eva Thomassen, aktivisten som reiste til eit krigsherja Syria

*****

I meir enn fire år har Syria som kjent vore herja av krig og konflikt. Det starta som opptøyer, utvikla seg til borgerkrig og er no ein storpolitisk krigssone med store deler av verdssamfunnet som aktive deltakarar.

Dette høyres kanskje ikkje ut som eit veldig aktuelt reisemål for folk flest, men det finst unntak. I haust var den norske kvinna Eva Thomassen på besøk i Syria saman med ein gruppe frå ein solidaritetsorganisasjon, for å vise sympati med det syriske folket. Ho har fulgt landet  tett i mange år etter å ha sjølv budd der for 20 år sidan.

– Me drog ned for å høyre om korleis regjeringa, religiøse leiarar, journalistar, universitetslærarar, og heile sivilbefolkninga opplever den totale blokkeringa av kontakt mellom Vesten og Syria, og kvifor dette ikkje vert snakka om i Vesten, seier Thomassen til Uten Filter.

Ho viser til sanksjonane som vestlege land sette inn mot Syria i 2011 under starten på borgarkrigen. Ho meiner desse sanksjonane er ein av dei største grunnane til at den syriske befolkninga har det så vanskeleg.

– Marerittet for syrarane er sanksjonane. Vesten har strupa økonomien i landet. Dei har ikkje tilgong på noko som helst. Finanstransaksjonar, flytrafikk eller import av matvarer er blokkert.

Thomassen reagerer på måten norske journalistar dekker krigen i Syria på, som ho meiner er svært einsidig.

– Eg meiner det er så nedrig måten norske journalistar dekker Syria-konflikten på. Dei klistrar seg til den vestlege historien om despoten Assad, og så lar seg smugle inn i Syria av opprørarar og står ved fronten og rapportere, i staden for å komme inn i Syria på ein vanleg måte.

– Men Syria er meir enn krig. Det er ein befolkning som lider på grunn av oss. Eg opplever at alle vil framstille Syria som eit øydelagt land, men den historien vil eg ikkje vera med på, seier Thomassen.

No, trygt heime igjen i Noreg, ønskjer ho å spre bodskapen frå det syriske folk til folk i Norge. Thomassen meiner det er eit stort paradoks at Noreg er så oppteken av å styrte den syriske presidenten Bashar Al-Assad, samtidig som me har sterke band til Saudi-Arabia.

Trass i dei knalltøffe tider for syrarane, møtte Thomassen eit stolt folk som klarte å fokusere på å leve eit tilnærma vanleg liv.

– Syria er sivilisasjonens vugge, og historien sit i sjela til syrarane. Det er styrken til det syriske folket, dei er berre opptekne av å bli ferdig med det og gå vidare.

Ho har ein oppmoding til norske politikarar, forskarar og journalistar.

– Ikkje la syrarane vere i dette hermetiske vakuumet. Få vekk sanksjonane. Det er så utruleg urimeleg og uanstendig kva Vesten utsetter den syriske befolkninga for.

 

Episode 19 – Jon Hustad, journalisten som åtvarar mot konsekvensane av migrasjonskrisa

*****

Foto: Schibsted Forlag

Korleis vil det norske samfunnet endre seg som eit resultat av den store migrasjonskrisen me i dag er vitne til? Vil velferdsstaten slik me kjenner den i dag overleve utgiftene knytt til innvandringa?

For å svare på desse spørsmåla har Uten Filter invitert den kjende journalisten Jon Hustad. Han jobbar til dagleg i avisa Dag og Tid, men er også å sjå i TV2s aktualitetsmagasin Underhuset. Hustad har skrive boka «Farvel Norge» – om hans spådom om velferdsstatens framtidige kollaps. Hustad er overtydd om at migrasjonskrisa vil framskynde velferdsstatens fall.

– Det er hovudsakleg innvandringa som vil føre til kollapsen til velferdsstaten. Om berre eit par år har migrasjonskrisa, dersom ho forblir like stor som i dag, påført oss ein kostnad like stor som heile oljefondet. Då kollapsar heile systemet relativt fort, seier Hustad.

– Norge om 10-15 år vil vere eit kaldare og kaldare samfunn, det er diverre vegen det går.

Hustad er også bekymra over andre sider av innvandringa, noko han gav uttrykk for i eit ærleg og personleg innlegg på nettavisa Medier24 tidlegare i haust. Her spår han at innvandringa vil gjere Norge til eit samfunn med mindre demokrati, mindre ytringsfridom, meir vald og meir ekstremisme.

– Forskarar reknar med at av 100 muslimar får me ein til to ekstremistar. Tek me inn 100.000 i året er det jo berre å rekna på kor mange ekstremistar me får ekstra, seier Hustad.

Han peiker på at integreringa for dei som kjem no vil bli langt dårlegare enn dei innvandrarane som har kome dei siste tiåre, rett og slett på grunn av mengda.

– Jo fleire som kjem jo vanskelegare blir det å integrere dei. Dei kjem i så store mengder at dei ikkje vil oppleve det same integreringspresset i det norske samfunnet som dei som kom på 1980- og 1990-talet. Det vil gjere at dei også blir dårlegare integrert. Dei vil bu i innvandrarbydelar og gå i innvandrarklassar, og merke mykje mindre til det norske samfunnet enn kva den første generasjonen med innvandrarar gjorde.

Han tror dette vil føre til ein gradvis forverring av ytringsfridomen i det norske samfunnet.

– Ytringsfridom i Europa er under press, og det er stort sett av islamistar. Redaktørar tek ikkje risikoen på å kritisere islam hardt og brutalt, fordi dei veit at det kan slå tilbake. Jo større risiko det er for å ytre seg, jo færre folk kjem til å ytre seg.

Hustad gir heller ikkje norsk media gode skussmål i måten dei har omtala migrasjonskrisen, og kjem med spesiell hard kritikk til NRK, som han i haust bestemte seg for å boikotte.

– NRK er jamnt over dårleg, og veldig prega av SV-segmentet i offentlegheita. For å spissformulere det så er NRK staden der Dagblad-tilsette dreg for å døy.

 

Høyr også episode 14 av Uten Filter med Helge Lurås, som også omhandla problematikk knytt til innvandring.

Følg Uten Filter på…

Episode 18 – Gisle Roksund, fastlegen som slår alarm om at vestleg psykiatri er i djup krise

*****

Stadig fleire fysisk friske nordmenn går på ulike form for legemiddel. Dobbelt så mange barn med ADHD går i dag på medisinar samanlikna med for ti år sidan. Talet på barn og unge som nyttar sovemiddel og antideprressiva har også dobla seg på like mange år.

Samtidig har det i den samme perioden vore ein sterk auke av nordmenn med ein psykiatrisk diagnose. Depresjon, ADHD, ME, Autisme og Asbergers er døme på sjukdommar som har skutt i vêret dei siste åra.

Er dette eit bilete på eit suksessfullt helsevesen som stadig klarar å fange opp fleire pasientar som før i tida vart neglisjert, eller er dette eit signal om at noko er riv ruskande gale i måten me som samfunn forheld oss til vanskelege ting i livet?

Denne vekas Uten Filter-gjest meiner diagnostiseringen og medisineringa av nordmenn har gått langt over sine breidder. Gisle Roksund har vore allmennpraktiserande lege i snart 40 år og er fast spaltist i avisa Varden, og tok i haust bladet frå munnen i Aftenposten, der han advarte om ein vestleg psykiatri i djup krise.

– Det har skjedd ein svær inflasjon i bruken av diagnosane. Ein blir ein meir oppteken av symptomar enn personen. Pasientane opplever at dei ikkje blir sett som person, men blir tingliggjort til ein diagnose, seier Gisle Roksund til Uten Filter.

Den erfarne legen opplever at legemiddelindustrien har hatt sterk påvirkningskraft for å utvide diagnosebruken, slik at stadig fleire får resept hos legen.

– Me som fagfolk har blitt forført av legemiddelindustrien, kor legemiddelindistrien sin måte å takle dette på har vore å lage forskning som faktisk er skeiv, der berre dei positive resultatene vert publisert, og dei negative resultatene har ikkje blitt offentleggjort.

– Mange av psykiatarane har tette band til legemiddelindustrien, og det bekymrer stort, fortel Roksund.

Han trur den auka diagnostiseringa ironisk nok gjer at folk blir verande sjuke lenge, og får støtte av forskninga der det kjem fram at meir enn kvar fjerde tenåring med psykiske problem går på medisinar ti år seinare.

– Folk som ser på seg sjølv som friske, dei får det betre og blir friske, medan dei som oppfattar seg som sjuke blir faktisk sjuke. Så her er det eit stort element av sjølvoppfyllande profeti.

Følg Uten Filter på…