Episode 22 – Walid Al-Kubaisi, forfattaren som tek eit oppgjer med norsk islamdebatt

*****

Det brenn i islams hus, vert det sagt om dagen. Terroråtak i Europa, framveksten av IS, overgrepssakene i Köln og i Sverige har det siste året ført til at det å uttrykke motstand mot islam er blitt mainstream, medan forsoning mellom Vesten og islam verkar stadig vanskelegare. Men i det store biletet – har eigentleg islam forandra seg?

Få i Norge er betre til å svare på dette enn forfattar og skribent Walid Al-Kubaisi. Som politisk flyktning kom han til Norge frå Irak, og har skrive ei rekkje bøker og artiklar der islam og tilhøva i Midtausten er tema.

Al-Kubaisi, som sjølv har markert seg som ein knallhard motstandar av dei fundamentalistiske kreftene i islam, meiner det ikkje har skjedd vesentlege endringar i tilhøvet mellom Vesten og islam.

– Det har ikkje skjedd store endringar i tilhøvet mellom Vesten og Islam, trass i at det ser slik ut i media. Det er framleis to fronter som kolliderer når det gjeld islam, seier forfattaren, og viser til at om lag 50 % av norske muslimar er sekulære.

Forfattaren er kritisk til den offentlege debatten om islam i Norge, der han meiner vestlege politikarar er svært selektive i måten dei tilnærmar seg islamspørsmål.

– Både i Vesten og i islam er det eit mangfald av forskjellige synspunkt, og det finst mange punkter som møtast. Du kan finne islamistar som deler USA-hat med vestlege venstreradikale. Du kan finne sekulære muslimar som meiner at vestlege idealer er universelle, og som også gjeld muslimar. Du kan finne religionskritikarar med islamsk bakgrunn som er einig med Hege Storhaug. Du kan finne islamistar som Det muslimske brorskapet som samarbeider med Vesten og USA, medan andre islamistar som IS er blitt fiender med Vesten.

Etter at flyktningbølgja for alvor slo inn over Norge reagerer Al-Kubaisi på korleis norsk media har dekka krisa, ved først å vere overdrivent positiv til innvandringa for å så snu når ein ser at talet på asylsøkjarar byrjar å bli uhandterbart.

– Norsk media er selektiv og einsidig, og for å setje det på spissen, fundamentalistisk og partisk. Norsk media manglar nyansar, og når media køyrer ein dekning som er overdrivent positiv til innvandrarar, så ser media på ein kvar kritisk protest som rasistisk. Men når media plutseleg skiftar haldning så ser dei på eit kvart forsøk på å nyansere mediakjøret som feig.

Forfattaren reagerer på at det han meiner er det viktiste elementet i islam- og flyktningedebatten aldri vert diskutert i Norge. Nemlig korleis vestleg innblanding og krigføring i Midtausten er ein direkte årsak til flyktningestraumen.

– Vesten vil ikkje innsjå at flyktningebølga frå 2001 til no er ein konsekvens av amerikansk politikk i Midtausten. Vesten har ønskt å kontrollere og styre krisen i Midtausten, men ikkje å løyse den. Det er ikkje slik som europearar trur, at flyktningane kjem for å betre sine økonomiske vilkår. Det er heller ikkje slik at flyktningane har flykta frå despotiske regimer, då ville dei reist før. Men dei har flykta på grunn av amerikanske krigar og vestens politikk i Midtausten.

Høyr også Walid Al-Kubaisi snakke om sine møte med IS-sympatisørar, kva han trur om framtida og kvifor han trur det er essensielt at Vesten tek eit oppgjer med seg sjølv for å hindre ein framtid med stadig meir vald og terroråtak.

Følg Uten Filter på…

Episode 21 – Jan Svante Vanbart, hippien som aldri drog heim

*****

TEPOZTLAN, MEXICO (Utenfilter.net): Hippierørsla på 1960- og 1970-talet er forbunden med utallige historier og myter. Det meste som kunne protesterast mot i samfunnet vart protestert mot, og det fanst knapt ein etablert sanning som ikkje vart utfordra. Men åra gjekk, og protestrørsla døydde sakte men sikkert ut, og vart overteken av individualismens tidsalder på 1980-talet. Dei mest hardbarka hippiane fekk familie og jobb, og leiar i dag samfunnsinstitusjonane som dei sjølv ein gong hadde gjort opp opprør mot.

Men ikkje alle ga seg.

Jan Svante Vanbart frå Sverige var ein av dei klassiske 68-arane. Han levde i kunstnarkollektiv i tilknytning til dei alternative miljøa Lund og Christiania i København, og dreiv med antiimperialistisk teater. Så gjekk turen ut i verda, der han med ei gruppe reiste rundt i minibuss til India. Seinare sto Bali, Australia, Tahiti, USA og Mexico for tur. Han drog aldri heim att. Mexico vart staden der dei slo seg ned og bygde ein eigen økolandsby, i byen Tepoztlan utanfor Mexico City. Her har Vanbart no budd i rundt 35 år. Til forandring frå dei fleste frå hans generasjon, så er han heilt tru mot alt det han sto for på 1970-talet.

– Det var ingen dynamikk i kulturen vår i Skandinavia, så me søkte heilt enkelt noko nytt og ville sjå kva verda hadde å by på. Livet var forutbestemt, det var ein lineær måte å leve livet må. Du vart fødd, du går på skulen, du får arbeid, du får barn, villa og Volvo, og så får du pensjon og så var det slutt. Eg ville ikkje leve det livet. Nei!

Vanbart ga i 2005 ut boka «Vi drog – Jorden runt med 68-generationen» – der han fortalte om det fantastiske livet han har levd, og møtet med alle verdskulturane han har lært å kjenne. Og om kor glad han er for at han aldri ga opp hippielivet på 70-talet.

– Mange av oss blei fiska opp av samfunnet. Mange av oss hadde høg utdanning og fekk barn, og når dei då fekk jobbtilbod med gode lønningar var det vanskeleg for mange å seie nei, seier Vanbart.

– Eg valde å behalde fridomen min. Mange av oss er høgt utdanna, men me droppa ut og valde vår eigen veg. Det er ikkje ein enkel veg – du må arbeide hardt. Du har ikkje samfunnet som støttespelar, som ein har i Skandinavia, så måtte me arbeide for alt. Men det er eit mykje meir rikt liv samanlikna med å vere det eg vil kalla ein slavearbeidar i staten eller ein kommune.

– Trur du det er mange av 68-arane som i dag pensjonerar seg som sit igjen med litt dårleg kjensle i kroppen av å ha vald det komforme livet?

– Eg har kjent mennesker som ikkje ein gong vil snakke om det. Når eg presenterte boka mi så var det mange som fordømte boka mi, men eg trur det var ein reaksjon på at eg skreiv om noko dei gjerne ville gjort, men som eg gjorde. Det liv som dei trudde skulle vere deira liv, men som blei mitt liv i staden. Difor vil dei ikkje ha nokon som minner dei på om det frie liv. Dei ville ikkje innrømme at dei flytta over til den bekvemme sida.

Men no trur Vanbart at me ser starten på ei ny grøn bølge, der stadig fleire unge er leie av å ha så mykje moderne teknologi rundt seg heile tida.

– No trur eg det er eit generasjonsskifte på gang igjen. Eg merkar at fleire og fleire er trøtt av livet med telefon og iPad og vil tilbake til naturen. Eg har vore på konferansar her i Mexico der hundrevis av unge er klare til å leve eit liv i pakt med naturen.

Følg Uten Filter på…