Episode 23 – Neil Howe, generasjonsforskaren som spår ny stor samfunnskrise

*****

Denne episoden av Uten Filter er på engelsk.

Finanskrise, økonomisk krise, oljekrise, klimakrise, migrasjonskrise, krigen mot terror. Lista er lang over krisene som i stor grad pregar dagens generasjon unge vaksne. For å setje samtida i eit historisk perspektiv drar stadig fleire linja tilbake til 1930-talet og Den store depresjonen for å samanlikne dagens økonomiske og politiske røyndom. Makroøkonomane er for lengst samde i at den økonomiske krisa frå og med 2008 er den verste sidan 30-talet.

Er dette berre trivielle historiske samanlikningar eller liknar dagens mørke skyer meir på skyene på 1930-talet enn me likar å tru?

Den amerikanske historikaren, demografen og generasjonsforskaren Neil Howe trur samanlikninga er langt frå triviell. Ved å ha forska på alle generasjonar i USA sidan det 17. hundreåret har han saman med forskarkollega William Strauss kome fram til at det er klare teikn på at historia består av eit mønster der fire typar av generasjonar går igjen i ein syklus på 80 år. I boka «The Fourth Turning» skisserer dei korleis dagens unge vaksne er ein generasjonstype med svært mange parallelltrekk til dei unge vaksne på 1930-talet.

– Det har alltid vore forskjellar mellom generasjonane. Ein generasjon deltek i krigen, og ein annan generasjon er barn av krigen, seier Howe.

– Men ikkje berre er generasjonane forskjellige, dei har ein tendens til å følgje kvarandre i eit bestemt mønster. Og dette mønsteret har i USA vore bestemt av store hendingar som krigar, revolusjonar og økonomiske kriser, som skjer rundt kvart åttiande år, seier Howe, som forklarar at modellen også har vore gjeldane for Europa det siste hundreåret.

Den fjerde typen av generasjonen, «den fjerde vending», er generasjonen som er unge vaksne under store samfunnskriser. Førre generasjon av denne typen var unge vaksne under Depresjonen på 30-talet og Andre verdskrigen, og før dette under den amerikanske borgarkrigen, og før dette igjen under den amerikanske revolusjonen. No er denne generasjonen på retur.

Medan det var den såkalla «The Greatest Generation» som måtte ta dei tunge taka gjennom krisa på 1930-talet og Andre verdskrigen, er det «Millennium-generasjonen» av ungdom født mellom midten av 1980-talet fram til ca. 2004 som i dag møter liknande harde tider. Ein generasjon med veldig distinkt personleg karakter og politiske standpunkt, ifølgje Howe, som ser openberre like trekk mellom 1930-talet og i dag.

– Likskapane er tydelege. Me har som på 30-talet ein periode med høg arbeidsløyse, ingen vekst i verdshandelen og kronisk underkapasitet av arbeidskraft og kapital. Men også geopolitisk. Som i dag var 1930-talet ein periode der det ikkje var noko samhandling mellom verdsnasjonane eller nokon global supermakt, og sterke autoritære regimer som gjorde det dei ville, seier Howe.

Howe trur krigen i Syria og den enorme migrasjonsbølgja vil ha stor innverknad for framtida til Europa, der svært mange går med ei kjensle av maktesløyse som kan ha store konsekvensar for den politiske utviklinga.

– Det er svært demoraliserande for Europa, og undergraver europeiske leiarar sin evne til å kontrollere sine eigne samfunn. Folk har kjensla av å vere passive ofre av historia, og det er demoraliserande, spesielt for dei unge. Difor er dei unge meir open for radikale samfunnsendringar.

Du kan også lese eit utfyllande intervju med Neil Howe i den siste utgåva av avisa Dag og Tid. (finst berre i papirformat).

Følg Uten Filter på…