Episode 17 – Eva Fjeldstad, forfattaren av boka «Takk for maten?»

*****

Det har aldri vore fleire konserveringsmiddel, sprøytemiddel og andre kjemiske substansar i maten me kjøper i daglegbutikkane i dag. Skal me stole på dei offisielle råda frå Mattilsynet er maten likevel heilt trygg, og det er ingen grunn til bekymring så lenge ein har eit variert kosthald.

Eller…?

Eva Fjeldstad bestemte seg for å skrive boka «Takk for maten?» basert på den uavhengige forskninga som er gjort på dei mange kjemikaliane som vert nytta i moderne matproduksjon, og hennar konklusjon er skremmande. Opptil 90 prosent av maten som vert seld i norske butikkar inneheld så mykje giftstoffer at ho meiner det på sikt kan gjere oss sjuke, og at svært mange nordmenn i dag lever med sjukdommar som er forårsaka av giftstoffer i maten.

– Over 90 prosent av maten i butikkane inneheld konserveringsmidler og sprøytemidler. Desse stoffa drep tarmbakterier, og dreper du tarmbakterier blir du faktisk sjuk, seier Fjeldstad til Uten Filter.

– Helsa blir langsomt dårlegare fordi desse bakteriane sakte men sikkert vert øydelagt.

Ho meiner svært mange sjukdommer har utspring i endring av bakteriefloraen i tarmane, som fibromyalgi, ME, leddgikt, diabetes, allergi og kreft.

Fjeldstad åtvarar folk om å stole blindt på dei offisielle kostholdsråda frå styresmaktene, og viser til at grenseverdiane stadig vekk vert auka.

– Mattilsynet hevar heile tida grensene etter kvart som andre land og det norske landbruket treng å nytte meir sprøytemiddel, seier Fjeldstad som viser til at resistensen hos plantene gjer at det stadig er større behov for å auke mengda sprøytemidlar.

– Meiner du at Mattilsynet vert styrt av industrien?

– Det er veldig freistande å svare ja på det spørsmålet.

Du kan lese kva Mattilsynet meiner om nokre av påstandane til Fjeldstad i denne Bergens Tidende-artikkelen.

Eva Fjeldstad er utdanna homøopat og har i ei årrekke arbeidd med fordøyelsesrelaterte helseplagar, og underviser deltid på Tunsberg medisinske skole.

Høyr også episode 1 av Uten Filter, med Siri Helle, som også handla om matproduksjonen.

Følg Uten Filter på…

Episode 16 – Frode Fanebust, forfattaren som vil stikke hull på dei norske mytene

***

Du har høyrt det ut før. Norge er ein humanitær stormakt med ein bistandspolitikk som hjelper dei fattigste. Eit levande lokaldemokrati, ein suksessfull velferdsstat med eit utdanningssystem som utjamnar sosiale forskjellar. Norge er verdas lukkelegste land å bu i, og det er typisk norsk å vere god!

Mytene er mange om Norge, men kor sanne er dei? Dette ville Frode Fanebust finne ut av, då han inviterte over 20 skribentar til å skrive antologien «Makt, myter og media» – med undertittelen «Det er verre enn du tror».

Fanebust er bekymra for utviklinga av det norske samfunnet, og meiner me har fått ein politisk elite i Norge som minnar om eit adelskap, med meiningar som ikkje har rot blant folket.

– Eg meiner me har begynt å få ein politikarstand som er ein adel i Norge, kor denne poliske adelen oppfatter makt som ein sjølvfølgje.

Han meiner norsk media på langt veg sviktar i oppgåva si i å drive maktkritikk, som igjen bidrar til at dei norske mytene får leve vidare utan kritikk, og nemnar norsk bistandspolitikk som eit døme.

– Bistand er med på å bygge opp vårt nasjonale sjølvbilete. Men mykje av bistanden til andre land seiler under falskt flagg og går til norske økonomiske interesser. Grunnen til at ein ikkje høyrer om det dette viser at det er for få som grev i dette, og for mange som vert med styresmaktene på solskinnsturar og får presentert eit bilete servert av politikarar og spinndoktorar som får prege mediebiletet.

Forfattaren trur oppbygginga av eit statleg kommunikasjonsapparat gjer at media blir stadig meir einsretta og mindre gravande.

– Eg er ikkje spesielt optimistisk på makten og mediene sine vegner. Mediene blir mindre gravande, mindre skarpe og meir einsarta. Ein treng eit mangfold i metodar, meiningar og ytringar, og dette mangfoldet er truga når ein er underlagt eit departemants informasjonsstrategi. Det er ein skummel tendens.

Frode Fanebust er utdanna siviløkonom, og er forfattar av fleire kritiske sakprosabøker, mellom anna om bestefaren Toralv Fanebust, den kjende redaktøren som etter 2. verdskrig sona den lengste fengselsstraffen for injurier i norgeshistorien etter å ha kome med sterk kritikk av landssvikoppgjeret.

Følg Uten Filter på…

Episode 15 – Christian Anton Smedshaug, økonomen som spår brutal krise i Norge

Foto: Anders Henriksen

***

Dei globale økonomiske realitetane er i ferd med å manifestere seg i norsk økonomi. Kvar veke forsvinn det nye oljerelaterte jobbar, og norske industriverksemder melder om mørke skyer på himmelen. Men kor alvorleg kan denne krisen eigentleg bli for Norge på lang sikt?

For å svare på dette spørsmålet har Uten Filter invitert Christian Anton Smedshaug. Til vanleg jobbar Smedshaug som dagleg leiar i AgriAnalyse, men er også kjent som økonom og forfattar av boka «Gjeld. Hvordan Vesten lurte seg selv». Smedshaug var ein av svært få nordmenn som klarte å spå finanskrisa i 2008.

– Me er diverre i den situasjonen at ingen av dei grunnleggande problemene som skapte krisen i 2008 er løyst. Me tviheld på gamle løysingar utan å erkjenne dei feila som vart gjort, seier Smedshaug.

Sidan det ikkje vart noko bratt økonomisk nedtur i 2008, meiner han krisen som no kjem vil bli desto større.

– Etter krisen i 2008 burde me ha fått mange konkursar og ansvarleggjering av dei som hadde gjort grove økonomiske feil. Men det har me ikkje fått. Tvert i mot har me fått ein situasjon der me er i ferd med å la kreditten øydelegge nasjonen.

Han viser til at Norge no er verdas tredje mest forgjelda land, og at befolkninga difor vil bli veldig sårbar for ein økonomisk nedtur.

– Den økonomiske fleksibiliteten til norske hushaldningar er veldig lav. Faresignalene er svært sterke etter mitt skjønn.

– Norge står foran ein svært brutal nedtur, pga kombinasjonen sterk forgjelding, høg bustadsektor og stor råvareavhengighet. Det er historisk sett typisk situasjoner som fører til ganske store nedturer, seier Smedshaug, som spår ein dobling av arbeidsløysa i Norge.

Smedshaug held no på med ei ny bok som handlar om velferdsstatens utvikling i Europa etter 2. verdskrig. Hans førre bok, «Gjeld. Hvordan Vesten lurte seg selv», kan kjøpast hos forlaget Res Publika.

Høyr også episoden 3 av Uten Filter, med siviløkonom Hans Jørgen Lysglimt, som også handlar om den økonomiske krisen.

Følg Uten Filter på…

Episode 14 – Helge Lurås, samfunnsforskaren som åtvarar mot den norske innvandringa

***

Europa står akkurat no framføre den største migrasjonskrisa sidan 2. verdskrig, og makthavarane har førebels ingen løysing på det enorme problemet. Men der mange vil at Norge skal opne grensene og ta inn fleire flyktningar, er det andre som åtvarar. No også frå forskarhold. Helge Lurås, leiar for Senter for internasjonal og strategisk analyse (SISA) kjem i si aktuelle bok «Hva truer Norge nå?» med skarp åtvaring mot at Norge kan bli eit land med store konfliktar og ustabilitet dersom ikkje grensene vert stramma inn.

– Innvandring har potensielt destabiliserande konsekvensar, om me samanliknar oss med alle multietniske land. Dette går på terrortrugsel og ekstremisme knytt til innvandrargrupper, men også motreaksjonar frå den etnisk norske befolkning, som Breivik var eit døme på, seier Lurås.

– Eg meiner me må vere forsiktige med å redusere den etnisk norske befolkninga for langt ned relativt til det ein kan kalle innvandrargrupper.

Lurås viser til at i SSB sine folketalsframskrivingar i 2100, vil vere eit klart fleirtal av innvandrarar relativt til etnisk norske. SSB har nyleg tilbakevist dette, men Lurås meiner SSB er uærlege med tala fordi dei ikkje tek med barnebarn av innvandrarar i analysen

– Om den etnisk norske befolkninga held fram med å synke er eg redd me vil få ein situasjon kor polariseringa og motsetnadane vil auke, og den politiske praksisen vil dreie seg mykje om dei relative størrelsane til gruppene.

Lurås trur dette vil bli forsterka dersom den norske økonomien går inn i ein stagnasjon, der ein lågare levestandard vil føre til ein meir innbitt kamp om ressursane.

Følg Uten Filter på…

Episode 13 – Svein Inge Olsen, festivalsjefen som går til krig mot einsrettinga

Foto: Erling Slyngstad-Hægeland

***

For Svein Inge Olsen var saknet etter 1970-talet med sine politiske polariseringar, ungdomsopprør og hippietid så sterkt at han for 15 år sidan var med på å starte Protestfestivalen i Kristiansand. I like mange år har festivalen provosert til høgre og til venstre i sin jakt etter røyster som protesterar mot etablerte sanningar.

Etter å ha halde på i 15 år trur Olsen det aldri har vore større behov for festivalen som no.

– Me lever i ei tid der me har blitt meir og meir einsretta, det er meir og meir farleg å meine noko som er utanfor fleirtalet. Alle skal meine det samme som fleirtalet, og det er så massivt. Du kan ikkje gå i mot dei allmenngyldige meiningane, då blir du plutseleg intolerant og fordumsfull, fortel Olsen i Uten Filter.

Tidlegare fekk festivalen gjerne kritikk for å vere for venstreradikal, men dei siste åra har kritikken gått motsatt veg, nemleg for mykje dominert av kristenkonservative. Olsen meiner dete er eit teikn i tida. Dei kristne er blitt opprørarane.

– No blir me kalla ein kristenkonservativ suppe. Nettopp fordi me har fulgt tida på kva som er upopulært. Konservative meiningar er blitt køyrd over. Du kan ikkje krenke nokon, for då blir du lynsja. Det fører til at stadig fleire meiningar vert feia under teppet.

Samtidig har det stadig blitt vanskelegare å få originale røyster til å delta på festivalen.

– Det finst ikkje originaler lenger, og det finst ikkje heltar lenger. Dei me hugsar frå barndomen som satte spor etter seg. Nokon vart kanskje litt latterleggjort, men det viste heilskapen i mennesket. Medan i dag har me eit samfunn der alle skal vere meir og meir like. Og det er etter mitt syns meiningslaust. Men også farleg.

Den erfarne festivalgeneralen er spesielt bekymra over ungdomsgenerasjonen, der han opplever engasjementet fråverande og einsrettinga overdøvande. Protestfestivalen har i fleire år jobba med å nå ut til ungdom i Kristiansand, men har ikkje lukkast.

– Det er utruleg vanskeleg å finne eit engasjement frå dei unge. Eg synest dette er skremmende. Eg er jo bekymra for mine barn, når dei veks opp, for kor ille det vil bli då. Eg kan ikkje sjå at dette vil endre seg, men eg håpar det.

Protestfestivalen 2015 går av stabelen 13. til 19. september. På programmet står mellom anna namn som Bob Geldof, Sverre Diesen, Veronica Orderud, Erling Havnå, Kjell Magne Bondevik og Hanne Nabintu Herland.

Følg Uten Filter på…

Episode 12 – Siv Oline Bjørnvåg, forfattaren som tek eit oppgjer med Janteloven

***

Janteloven har blitt omtalt og utskjelt utallige ganger i Norge sidan Aksel Sandemose dikta opp lova i boka En flyktning krysser sitt spor frå 1933. Men kor aktuell er denne lova i dagens samfunn, over 70 år seinare? Svært aktuell, ifølgje forfattar Siv Oline Bjørnvåg. For nokre år sidan bestemte ho seg for å leve ut draumen sin om å drive sin eigen landhandel i bygda Alvdal. Men draumen vart snart til eit mareritt. Misunnelsen og motviljen ho møtte i bygdesamfunnet gjorde at ho til slutt måtte gi opp draumen og flytte frå bygda.

Ifølge Bjørnvåg opplevde ho på kroppen korleis Janteloven og bygdedyren var med på å bryte ho ned. Dette resulterte i bokprosjektet «Janteloven står for fall» der Bjørvåg ønskjer å rette søkjelyset på bygder «der Janteloven er den sterkaste lov, og kor ingen lov står sterkare».

– Setninga «du må ikkje tru at du er noko» står sterkt i alle bygdesamfunn, det er som eit teppe som ligg over heile landet. Men du veit ikkje om det før du står i det sjølv. Du må ha erfart den på kroppen.

Bjørnvåg fortel at Janteloven ho merka i Alvdal vart eit resultat av folk som ikkje lukkast med ting sjølv, og difor ikkje ønskjer at andre heller skal lukkast. Folk ho før var på hels med begynte å snu ryggen til ho på butikken, og det vart hinta om ho ikkje snart skulle flytte frå bygda.

– Denne kampen satte så store spor i sjelen min at eg ikkje hadde klart å gå vidare i livet utan å skrive ei bok om det. Men eg ønskjer også å hjelpe andre gründarar, slik at dei veit kva som kan vente dei.

Boka til Bjørnvåg kan bestillast hos Elefantus forlag.

Følg Uten Filter på…

Uten Filter er snart tilbake!

Det har vert stille i podkastskogen ein stund, og fleire har lurt på kva som skjer med Uten Filter. Heldigvis er det ikkje meir dramatisk enn at podkasten har teke sommarferie. Me er tilbake med ein ny og spennande sesong om ein månads tid!

Førebels er Uten Filter eit reint hobbyprosjekt som vert drive som eit einmannsprosjekt ved sidan av fulltidsjobb. Men å lage podkast er ganske så tidkrevjande. Difor vil publiseringsfrekvensen vere begrensa av at døgeret berre inneheld 24 timar. Det vil i alle tilfeller bli ein ny sesong med veldig interessante gjestar om kort tid – fleire er allereie booka – men for å yte maksimal rettferd til podkasten er det ønskjeleg i framtida å frigi meir ressursar til podkasten.

Dersom du sett pris på Uten Filter og ønskjer å støtte prosjektet vidare, har du no høve til å gjere det. Uten Filter har sett opp ein crowdfunding-kampanje på Indiegogo, der du kan donere eit valfritt beløp til podkasten. Om det berre er snakk om eit lite beløp vert det motteke med stor takksemd! Det finst også andre og billegare måter å støtte podkasten på, du kan gi karakter til podkasten på iTunes slik at fleire får vite om podkasten, og elles dele episodar du likar via sosiale media.

Tusen takk for alle positive tilbakemeldingar som har kome dei siste månadane, og på gjenhøyr om kort tid!